HT BYGG Hellesylt AS

HT BYGG Hellesylt AS er eit byggmester- og entreprenørfirma som har kompetanse og kvalifikasjoner til å utføre dei fleste typer byggeoppdrag innan tre og betong. Vi utfører alt frå bustadhus, fritidsbustader og garasjer til leilegheitsbygg, barnehagar, industribygg, landbruksbygg, osv. HT BYGG Hellesylt har også vore aktør på større prosjekt som skular og leilegheitsbygg, der vi har hatt totalentreprise saman med andre entreprenører. Rehabilitering og tilbygg er også ein viktig del av vår aktivitet.

Vår prosjekteringsavdeling planlegger og kalkulerer prosjekter for ulike kundegrupper.

I vår BYGGI – butikk har vi eit stor utvalg av byggevarer og trelast.

Hellesylt Trevare as vart stifta i 1992. Etter 19 års drift vart firmanamnet endra til HT BYGG Hellesylt AS. Første åra var produksjonen todelt, der vi produserte spesial- dører/ -vindu og vi utførte entreprenøroppdrag innan bygg.
I 1994 vart vi forhandlar av VestlandsHus. Produksjonen av vindu og dører vart lagt ned i 1995. Etter det vart vår satsing vidare som bygningsentreprenør, der vi utfører alle typer byggeoppdrag. Vi leverer også eit bredt utvalg av byggevarer.