Hyttefelt

langoylia HF 04
« 1 av 6 »

Attraktivt hyttefelt i Langøylia.
Feltet ligg like før grensa til Hornindal/Nordfjord på veg frå Hellesylt mot Nordfjord.
Eit roleg og romsleg hyttefelt med stor avstand til nabohytter og med panoramautsikt.
Turterreng like utanfor hyttedøra og i nærområdet, med fantastiske turmuligheiter både vår, sommar, haust og vinter.
Med kort avstand til mektige fjellturar til Kvitegga, Hornindalsrokken,Slogen, Lianibba, Røyrhusnibba og til ei mengd kortare turmål i området.
Mange fjellvatn med fiskemulegheiter og kort veg til Hellesylt med båtliv og fjordfiske.
Lysløype ligg like ved hyttefeltet og ellers er det kort veg til skitrekk i Hornindal eller på Strandafjellet.
Ta kontakt med oss for vidare informasjon.